Eigne skriveoppdrag

Her finn de lista over eigne skriveoppdrag. Desse ligg og ute på Facebook-gruppa.

Dette er LESEREISEBOKA 2022! Noregs største, kanskje viktigaste, og i alle fall mest
dagsaktuelle antologi, skriven av barneskuleelevar frå heile landet. Ei gigantisk bok som
startar med heilt blanke ark, men som gjennom Lesereisen skal fyllast med tankar,
refleksjonar, dikt, fortellingar og illustrasjonar og så bortetter. Boka skal bli ein litterær
tidkapsel for notida og for ettertida. Den skal romme det fine, det triste, det vanskelege, det
som gjer håp og mykje anna som eit heilt spesielt år har ført med seg. Innhaldet skriv
elevane rett inn i boka på skuler som vert vitja under Noregsturneen, men alle andre
elevar/klasser/skuler kan sjølvsagt og sende inn sine bidrag. Skriveoppdraga samlar de opp og s
ender inn til oss saman med eit skjema de finn på nettsida vår i perioden 21.-31. mai (etter konkurransen er ferdig).


Me har fått inn mange forslag til kapittel og tema. No delar vi fem av forslaga her, og inviterer
dykk til å kome med fleire forslag på Facebook-gruppa til kva boka bør innehalde.


«Frå pandemi til krig - og tankar om vegen vidare»
2022 var året da verda endeleg skulle verte normal igjen…ingen står att upåverka av det som skjer i
verda, ei heller skuleborna. Kva for tankar gjer dei seg om det som skjer? Korleis er situasjonen i
Noreg og i verda i 2023? Og i 2033? Til dette kapittelet inviterer me elevane til å kople tankar om
notida med spådommar om framtida.


«Skulen vår»
Kvar skule er unik. I dette kapittelet vil me få eit innblikk i livet på nokre skuler frå kvar landsdel. Kva
fungerer spesielt bra? Kva for utfordringar har skulen? Korleis arbeider skulen for å førebyggje
mobbing? Kva for tips har elevane på skulen til elevar på andre skular? Me ønskjer å høyre frå
byskular, bygdeskular, fådelte skular og spesialskular. Skulane kan presentere seg sjølve gjennom
artiklar, song, dikt, kåseri, teikneserie eller på andre tekstlege måtar som får plass i Lesereiseboka.

 

«Dei beste dialektorda og uttrykka i Noreg»
Lesereisa skal dyrke mangfald i målformer og språk i Noreg. I dette uhøgtidlege kapittelet inviterer
me klassar frå heile landet til å sende inn sine bidrag – og med ei kort forklaring til, for dei av oss som
ikkje er like kunnige i kraftuttrykk frå Nord-Noreg eller fromme ord frå Sørlandet - og alt anna mellom desse ytterkantane. Skule-Noreg skal sjølvsagt vere med på kåringa til slutt, og dei beste uttrykka frå kvar landsdel vert sirleg skriven inn i boka.


«Dei beste gåtene og vitsane i Noreg»
Alt treng ikkje vere så høgtideleg heile tida, så i boka treng vi og noko å le av! Kom med dei beste
gåtene og vitsane de kjenner til!


«Rett frå hjærte»
I dette kapittelet skal elevar med dysleksi få utfolde seg fritt, utan autokorrektur eller språkvask. Her

kommer tekster knytt til spesielle tema, og nokre metafortellingar om korleis dysleksi påverkar
skuledagen og elles i livet. Kanskje kan desse tekstane inspirere andre til å publisere ting utan å vere
redd for at språklege feil skal overskygge bodskapen.